Vinnaren av NTNUs litteraturpris 2025: Marte Huke for “Los”
Litteraturhuset i Trondheim - Een podcast door Litteraturhuset i Trondheim
Categorieën:
Los er ei samling som spenner vidt. Her finn vi dikt om å lese ein roman i ei hengekøye om sommaren, om utsikta frå vindauget og korleis orda forvandlar ho, om hav og landskap, om Ukraina og korona, om Harald Sæverud, Inger Christensen og Henry Darger. Alle dikta er samstundes prega av ei grunnleggjande openheit – noko som heile tida spør kva blikk vi møter verda med, og kva som krevst for å ta ho inn. Dikta tek lesaren i handa, som ein fylgjesvein, og resultatet er ei oppsiktsvekkjande varm og perspektivrik bok, skrive med stor autoritet og overskot.Fem sterke kandidatar, som alle løftar fram nære tema, stod på kortlista til årets litteraturpris ved NTNU. No er det offentleggjort at Marte Huke er vinnaren av den gjeve prisen. Dei andre nominerte var Ingrid Storholmen, Fredrik Stellander Larsen, Marte Mittet og Kjersti Synneva Moen.Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen på Litteraturhuset i Trondheim 5. november.. Etter tildelinga blir det samtale mellom prisvinnaren Marte Huke og jurymedlem Nora Berg Markussen.Om prisenNTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det skjønnlitteratur som står for tur.Sjå oversikt over tidlegare vinnare her: https://www.ntnu.no/kultursamarbeidÅrets juryJuryen for NTNUs litteraturpris 2025 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, phd-stipendiat ved NTNU, Marthe Vendela Kant, programkoordinator, Litteraturhuset i Trondheim og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
