Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme
SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:
Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland. I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar. Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.Du får også høyre meir om:Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgårdKorleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu degEngasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse ASKva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på StordBli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne. Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!Sponsor: Stord Apartments Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar. Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord. Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.Sjekk ut https://stordapartments.no for meir info.