Jostein Waage - om Kystkultur, Tradisjonar og Nord-Europas beste boller
SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:
I denne episoden får du møte Jostein Waage, som driv Brandasund Kultur & Fritid og A.L. Waage Landhandel AS – ein mann med eit brennande engasjement for kystkultur, tradisjonar og lokalhistorie.Oppvaksen i idylliske Brandasund har Jostein teke vare på arven frå si bestemor, den legendariske Nillo på Skjære, som dreiv butikk på eit lite skjær. I dag vidarefører han historia gjennom A.L. Waage Landhandel – og serverer sjølvsagt rosinbollar med gul krem, som han sjølv påstår er "Nord-Europas beste boller"!Jostein deler minne frå barndommen, der fotballtrening betydde båttur – noko som kunne vere krevjande. Han fortel om tida si som fotballspelar i Bremnes, om si lidenskap for musikk og bandet The Rambles, og ikkje minst om eventyret med å gå på ski over Goddo.Her får du ei hjartevarm og humoristisk reise gjennom kysthistorie, lokalpatriotisme, musikk, idrett og – sjølvsagt – rosinbollar.🎧 Høyr episoden no!Støttespelar: Fitjar KraftlagDenne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.