Kari Einarsen - om korleis leiarar kan handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen

SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:

I denne podsendinga har me Kari Einarsen på vitjing. Kari kjem frå Jensaneset og har tatt doktorgrad i leiing.  I doktorgradsprosjektet studerte ho korleis me kan rusta organisasjonen gjennom etiske infrastrukturar for å best mogeleg til å kunne handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen.  No for tida jobbar Kari på Institutt for samfunnspsykologi (ISP) ved Universitetet i Bergen, og på Handelsskulen BI. På ISP jobbar ho no med eit prosjekt der dei skal finna ut korleis kollega som er tilskodarar til mobbesituasjonar kan gripa inn og avverja utvikling av mobbing, og slik bidra til organisasjonar si handtering og førebygging av mobbing på arbeidsplassen.