Lea Qvistgaard - Butikksjef, fjellgeit og Brasiliansk jiu-jitsu-utøvar med store ambisjonar
SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:
Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap.Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvikklunsj på toppen).Som 32-åring tok Lea tak i ein gamal draum: kampsport. No trenar ho brasiliansk jiu-jitsu 4–6 gonger i veka, konkurrerer på høgt nivå, har blått belte – og drøymer stort: VM-gull. I samtalen deler ho korleis sporten har forandra livet hennar, og kvifor ho meiner fleire jenter burde prøva seg på matta.Lea er eit fyrverkeri av energi, initiativ og inspirasjon – både i nærmiljøet og på kampmatta.Sponsor: Tysnes gjev meirsmakTysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. https://www.visittysnes.no