Tonje Stautland - om Vektnedgang, Sjølvbilde og Balanse i kvardagen

SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Tonje Stautland – kanskje betre kjend som tonje.trener på Instagram. Her deler ho ærleg og ope om livet sitt: om opp- og nedturar, vektnedgang, spontanabortar, sjølvbilde, og kvardagsglede.Det heile starta med ein impuls og eit lite dytt frå ei veninne – og i mai 2023 trykte ho «opprett konto». No har ho skapt ein kanal som har blitt både friplass og fellesskap – og ein inspirasjon for mange. Me får høyra om kva Instagram betyr for henne, korleis ho har jobba med trening og overspising, og kor viktig det er å finne balanse i både kropp, kvardag og kosthald.Tonje fortel òg om kor krevjande det er å vere open utan å bli for privat – og om kvifor ho ønskjer å vere eit ekte og realistisk alternativ til dei «perfekte» profilane der ute.Dette er ei episode full av liv, varme, refleksjon og humor – og me trur du kjem til å bli både rørt, inspirert og motivert.🎙️ «Eg er ikkje i mål, men her er vegen min. Og du kan få bli med.» – TonjeSjekk ut: https://www.instagram.com/tonje.trener/Sponsor: B3 HelseB3 Helse på Heiane er eit lite helsesenter med eit breitt tilbod.Dei tilbyr hjelp til deg som har smerter, treng å kome i gang med trening, eller ønskjer å forbetra treningsvanane dine.Dei kan òg bidra med støtte i målsettingsarbeid, motivasjon, eller gi fagleg rettleiing om du har plager knytt til kvinnehelse.Bestill time på nett via b3helse.no eller gjennom forsikringsappen din.Bli betre med B3!