Øystein Hillestad - om Malerboden, Vårpuss, Rekecocktail og Terrortrussel
SunnhordlandPodden - Een podcast door Kjetil Fyllingen - Maandagen

Categorieën:
Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips. Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania. Sponsor: Erko Settefisk ASErko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!