102. Runer del 1. Intervju med runolog Kristel Zilmer

Tru og meining i gammal tid - Een podcast door Eldar Heide - Donderdagen

Podcast artwork

Categorieën:

Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.  Opptaket er delt i to. Her kjem del 1: Kva er runer? Utfordringar i runologien. Alstad 2 om Ukraina. Den nye hirila-innskrifta frå Fyn i Danmark. Runologiens fyrste lov. Eggjasteinen og religionshistorisk kjeldeproblematikk. Innspela i Oslo 27.10.2025.