7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund

Tru og meining i gammal tid - Een podcast door Eldar Heide - Zondagen

Categorieën:

Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsfulle handlingar for frie menneske? Folk såg tydelegvis på myrar og vatn som grenseflater mot den andre verda, men korleis kan slike idear oppstå? Kva kan mellomaldertekstar og folketradisjonar seia om tankegangen bak slike ting? Samtale med arkeolog Julie Lund, fyrsteamanuensis i arkeologi ved UiO. Innspela i Oslo 26. september 2022.